Propiedad intelectual Formación en PI Respeto por la PI Divulgación de la PI La PI para... La PI y… La PI en… Información sobre patentes y tecnología Información sobre marcas Información sobre diseños industriales Información sobre las indicaciones geográficas Información sobre las variedades vegetales (UPOV) Leyes, tratados y sentencias de PI Recursos de PI Informes sobre PI Protección por patente Protección de las marcas Protección de diseños industriales Protección de las indicaciones geográficas Protección de las variedades vegetales (UPOV) Solución de controversias en materia de PI Soluciones operativas para las oficinas de PI Pagar por servicios de PI Negociación y toma de decisiones Cooperación para el desarrollo Apoyo a la innovación Colaboraciones público-privadas Herramientas y servicios de IA La Organización Trabajar con la OMPI Rendición de cuentas Patentes Marcas Diseños industriales Indicaciones geográficas Derecho de autor Secretos comerciales Academia de la OMPI Talleres y seminarios Observancia de la PI WIPO ALERT Sensibilizar Día Mundial de la PI Revista de la OMPI Casos prácticos y casos de éxito Novedades sobre la PI Premios de la OMPI Empresas Universidades Pueblos indígenas Judicatura Recursos genéticos, conocimientos tradicionales y expresiones culturales tradicionales Economía Igualdad de género Salud mundial Cambio climático Política de competencia Objetivos de Desarrollo Sostenible Tecnologías de vanguardia Aplicaciones móviles Deportes Turismo PATENTSCOPE Análisis de patentes Clasificación Internacional de Patentes ARDI - Investigación para la innovación ASPI - Información especializada sobre patentes Base Mundial de Datos sobre Marcas Madrid Monitor Base de datos Artículo 6ter Express Clasificación de Niza Clasificación de Viena Base Mundial de Datos sobre Dibujos y Modelos Boletín de Dibujos y Modelos Internacionales Base de datos Hague Express Clasificación de Locarno Base de datos Lisbon Express Base Mundial de Datos sobre Marcas para indicaciones geográficas Base de datos de variedades vegetales PLUTO Base de datos GENIE Tratados administrados por la OMPI WIPO Lex: leyes, tratados y sentencias de PI Normas técnicas de la OMPI Estadísticas de PI WIPO Pearl (terminología) Publicaciones de la OMPI Perfiles nacionales sobre PI Centro de Conocimiento de la OMPI Informes de la OMPI sobre tendencias tecnológicas Índice Mundial de Innovación Informe mundial sobre la propiedad intelectual PCT - El sistema internacional de patentes ePCT Budapest - El Sistema internacional de depósito de microorganismos Madrid - El sistema internacional de marcas eMadrid Artículo 6ter (escudos de armas, banderas, emblemas de Estado) La Haya - Sistema internacional de diseños eHague Lisboa - Sistema internacional de indicaciones geográficas eLisbon UPOV PRISMA UPOV e-PVP Administration UPOV e-PVP DUS Exchange Mediación Arbitraje Determinación de expertos Disputas sobre nombres de dominio Acceso centralizado a la búsqueda y el examen (CASE) Servicio de acceso digital (DAS) WIPO Pay Cuenta corriente en la OMPI Asambleas de la OMPI Comités permanentes Calendario de reuniones WIPO Webcast Documentos oficiales de la OMPI Agenda para el Desarrollo Asistencia técnica Instituciones de formación en PI Apoyo para COVID-19 Estrategias nacionales de PI Asesoramiento sobre políticas y legislación Centro de cooperación Centros de apoyo a la tecnología y la innovación (CATI) Transferencia de tecnología Programa de Asistencia a los Inventores (PAI) WIPO GREEN PAT-INFORMED de la OMPI Consorcio de Libros Accesibles Consorcio de la OMPI para los Creadores WIPO Translate Conversión de voz a texto Asistente de clasificación Estados miembros Observadores Director general Actividades por unidad Oficinas en el exterior Ofertas de empleo Adquisiciones Resultados y presupuesto Información financiera Supervisión
Arabic English Spanish French Russian Chinese
Leyes Tratados Sentencias Consultar por jurisdicción

Noruega

NO032

Atrás

Lov om nordisk vitneplikt



21 mars. Nr. 9. 1975

Lov om nordisk vitneplikt.

§ i.l Etter reglane i denne lova kan personar som ved innkallinga har fylt 18 år og er busette og oppheld seg i Danmark, Finland, Island eller'Sverige, påleggast å møte som vitne her i landet for dei vanlege domstolane, verjemålsrettane, husleierettane og jordskifterettane.

Innkalling kan berre skje når det har mykje å seia at vitnet forklarar seg her i landet og forklaringa må reknast å vera viktig for saka. Ved vurderinga skal det takast omsyn til den vekt saka har og om innkallinga vil vera mykje ulagleg for vitnet. Innkalling til annan domstol enn den dømande kan berre skje når særleg sterke grunnar talar for det.

Reglane i straffeprosesslova2 og tvistemålslova3 om innkalling og avhøyr av vitne gjeld tilsvarande, når ikkje anna følgjer av denne lova.4

I Jfr. § 8. 2 Se strpl. kap. 10. 3 Se tvml. kap. 15. 4 Jfr. §§ 3 og 4.

§ 2.1 Vitnestemning med pålegg om å møte kan berre skrivast ut av retten. Stemninga skal innehalde slikt varsel som vitnet har krav på. Departementet2 kan gje nærare forskrift om innhaldet i stemninga.

I Jfr. § 8. 2 Justisdepartementet.

§ 3.1 Ingen må påleggast å gje vitneforklaring i strid med reglane i straffeprosesslova §§ 117 til 125 eller tvistemålslova §§ 204-209 2 Uf likevel barnelova3 § 21), eller med lovgjevinga i det landet der vitnet er busett.

Endra med lover 8 april 1981 nr. 7, 14 juni 1985 nr. 71. l Jfr. §§ 8 og 9. 2 Må antas å gjelde også § 209 a som samsvarer med strpl. § 125. 3 Lov 8 april 1981 nr. 7.

§ 4.1 Dersom eit vitne ikkje møter etter innkalling, eller på annan måte gjer seg skuldig i handling eller forsøming som nemnt i domstollova §§ 205-207, gjeld dei nemnde reglane. Let vitnet vera å oppfylle pålegg frå retten om å ta med seg dokument eller andre ting som det har plikt til å legge fram, gjeld domstollova § 209 tilsvarande. Elles gjeld domstollova §§ 213-217 så langt desse paragrafane høver ved bruk av reglane i første og andre punktum.

Reglane i straffeprosesslova § 115 første ledd og tvistemålslova § 203 første leden, om avhenting av vitne som ikkje møter, kan ikkje brukast mot vitne så lenge det oppheld seg utanfor Norge.

Endra med lov 14 juni 1985 nr. 71. l Jfr. § 8.

§ 5. Reglane i denne lova om innkalling og avhøyr ved retten gjeld og i høve til den som er fornærma ved ei straffbar handling, når vedkomande er busett i Finland eller Sverige, og etter lovgjevinga der ikkje reknast som vitne i straffesaka. Det kan likevel ikkje brukast tvangsmidiar mot den fornærma om han nektar å forklare seg. Heller ikkje kan han straffast for falsk forklaring.

§ 6.1 Den som møter som vitne etter reglane i denne lova, må ikkje under opphaldet sitt her i landet utsetjast for rettsforfølgjing eller fullbyrding av straff for straffbare handlingar som er gjorde før han kom hit for å

Lov om nordisk vitneplikt 21 mars. Nr. 9. 19751365

gje vitneforklaring. Dette gjeld likevel ikkje dersom vedkomande anten sjølv gjev samtykke i rettsmøte eller han blir verande her i landet meir enn to veker etter at han ga vitneforklaring, trass i at han fritt kunne ha reist frå landet før.

Første leden gjeld tilsvarande for utlevering til ein annan stat enn den vedkomande kom frå. l Jfr. §§ 8 og 9.

§ 7. Vitne som møter etter innkalling i samsvar med denne lova, har rett til godtgjersle for reise og opphald etter regulativet for reiser innanlands for statens rekning.

Dersom vitnet godtgjer at det har hatt økonomisk tap, kan retten fastsetje dekning for utlegg og tapt arbeidsinntekt så langt den finn det rimeleg.

Har vitnet på grunn av kroppsfeil, sjukdom, alder, språkvanskar eller andre særlege høve trengt følgje av ein annan, får denne tilsvarande godtgjersle.

Godtgjersla skal utbetalast av retten. Den som blir innkalla, skal få tilbod om førehandsutbetaling av utlegg til reise og opphald saman med sjølve innkallinga.

Fastsetting av godtgjersle etter denne lova kan påkjærast til høgare domstol etter reglane i rettshjelplova I § 28 a.

Endra med lover 27 juni 1986 nr. 48, 29 juni 1990 nr. 47. l Lov 13 juni 1980 nr. 35.

§ 8.1 §§ 1 første og andre leden, 2, 3 og 6 gjeld tilsvarande for partar i saker om farskap, foreldreansvar og samværsrett etter barnelova.2 Retten kan fastsetje at parten skal ha godtgjersle etter § 7.3

Retten kan pålegge parten å ta med seg dokument eller andre ting som han både etter norsk lov og lova i det landet der han er busett, pliktar å legge fram.

Straff og skadebotansvar etter domstollova §§ 205 og 209 kan ileggast partar som ikkje møter eller som ikkje oppfyller pålegg etter andre leden. § 4 første leden tredje punktum gjeld tilsvarande. Ein part som ikkje møter og som oppheld seg her i landet, kan avhentas etter reglane i tvistemålslova § 115 første leden.

EIles gjeld reglane om partar i tvistemålslova og barnelova tilsvarande. Endra med lov 8 april 1981 nr. 7.

l Jfr. § 9. 2 Lov 8 april 1981 nr. 7. 3 Jfr. lov 13 juni 1980 nr. 35 § 24 annet ledd tredje punktum.

§ 9. Når eit vitne møter friviljug utan innkalling, gjeld §§ 3, 6 og 8 andre leden tilsvarande. Det same gjeld for ein part i saker som nemnt i § 8 første leden. § 10. Personar som har fylt 18 år, som er busette i Norge og som oppheld seg her eller i Danmark, Finland, Island eller Sverige, pliktar å møte og gje forklaring for retten i desse landa etter dei reglar som gjeld i vedkomande land og som hovudsakeleg svarer til reglane i lova her. Det same gjeld personar som oppheld seg i Norge og er busette i Danmark, Finland, Island eller Sverige. § 11. Avgjerd av ein dansk, finsk, islandsk eller svensk domstol, som pålegg ein person som er innkalla etter lov om nordisk vitneplikt å betale sakskostnader (fordi han ikkje har møtt eller for anna forsøming), skal fullbyrdast her i landet når dette blir kravd. Fullbyrdinga skjer etter reglane i lov om anerkjennelse og fullbyrding av nordiske dommer på privatrettens område. I

Endra med lov 10 juni 1977 nr. 71. l Lov 10 juni 1977 nr. 71.

§ 12. Denne lova tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset. I Kongen kan setje lova i kraft særskilt i høve til einskilde av dei statane den skal omfatte. l l juli 1975 itlg. res. 21 mars 1975.